Heime frå skulen: Stein Andre Skåli Vimme kom seg ikkje på skulen i dag. Det var særleg i morgontimane det var kraftig snøvêr og vind på Felle. Seinare roa det seg ned.
Hege Marit Skåli Vimme
Nysnø, føyke og vanskelege køyreforhold. Elevane kom seg ikkje på skulen
Kraftig snøvêr og vind skapte problem for dei som skulle ut å køyre lengst sør i regionen onsdag morgon. Fleire av elevane kom seg ikkje på skulen.
Skulebussen til Felle måtte snu, og i frykt for farlege situasjonar på skulevegen oppmoda skulen elevane ved Tveit skule og Nissedal ungdomsskule om å bli heime.
Heimeskule
Hege Marit og Stein Andre Skåli Vimme er to av elevane som ikkje kom seg på skulen onsdag. Dei hadde gjort seg klare for å reise, men fekk kort tid før dei skulle gå melding om at bussen ikkje kom seg fram i snøvêret.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP