Overraska: – Er det sant?! utbraut Andrea Kasbo Rygh då ho fekk høyre at USN Rauland vil få ti dansestudieplassar med kategori B-finansiering. Foto: Åshild Emma Solbjør

Nytt dansestudium ved USN Rauland: – Er det sant?!

– Me har fått dansestudiebacheloren vår, ti studieplassar i kategori B, seier nestleiar ved USN Andrea Kasbo Rygh til instituttleiar Stian Roland, som er med på telefon. – Å, herregud så fantastisk, seier han.

Publisert Sist oppdatert

– Det blir ein heilt fantastisk nyheit, for eg skal i halvårsmøte for folkedansen i Noreg i Oslo i morgon, og var veldig spent på kva eg skulle svare med tanke på det prekære behovet for danseutdanning. Men no kan eg koma med ei god nyheit! seier ein svært glad instituttleiar.

Opprop frå dansemiljøa

For folkedansutdanning er mangelvare i Noreg, og i 2020 skreiv alle folkedansmiljøa i landet under på eit opprop der dei ønskte ei slik utdanning i Rauland.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS