Inviterer: Cecilie Austjore-Hosum og Arne Åsen håpar mange melder seg på samlinga på Granlien i Kviteseid.

Nytt tilbod – inviterer til samling med det sosiale i sentrum

Kviteseid frivilligsentral inviterer til sosial samling på Villa Glede Granlien i Kviteseid den fyrste helga i oktober.

Publisert

– Me ynskjer å invitere til ei samling for dei som kjenner seg einsame og har eit ynske om å skape nye relasjonar, seier Cecilie Austjore-Hosum, leiar i Kviteseid frivilligsentral.

Fyreste helga i oktober inviterer organisasjonen til samling på Granlien i Kviteseid. Austjore-Hosum har med seg Arne Åsen som medarrangør. Dei håpar at helga kan gje folk eit positivt avbrekk frå ein grå kvardag, og at det kan kome nye venskap og ein ny gnist ut av opphaldet.

– Det kan vere fleire grunner til at ein kan kjenne seg einsam, til dømes om ein bur aleine, står utanfor arbeid og sosial omgang, eller er i ein krevjande fase i livet, seier Åsen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS