Mykje arbeid att: – Det gjenstår meir enn å retta kommafeil i manus ... sa økonomisjef Halgeir Brekke om dei neste 14 dagane med budsjettarbeid i administrasjonen.
Øystein Øygarden
Økonomisjefen: – I den grad eigedomsskatten måtte ha ei god sak for å bli innført, er saka kome
Administrasjonen i Seljord kommune har framleis snaue 14 dagar før budsjettframlegget blir lagt fram, men kommunedirektør og økonomisjef pakka ikkje inn den økonomiske stoda i torsdagens orientering.
I eit vel to timar langt møte torsdag fekk dei folkevalde og andre tilhøyrarar ein presentasjon av budsjettet for 2025 og økonomiplanen for dei fire neste åra. Dette var ein smakebit, for arbeidet er ikkje i mål. Framlegget frå kommunedirektøren blir sendt ut seinast 21. november, det skal til formannskapet 28. november og blir endeleg vedtatt av kommunestyret 12. desember. Og den klare bodskapen frå kommunedirektør Beate Våge Lia er at driftsnivået i kommunen er for høgt samanlikna med inntektene. Sjølv om kommunen i dag leverer «gode tenester», var kommunedirektøren klar på at dei ikkje vil klare å oppfylle stadig høgare forventningar frå innbyggjarane når det ikkje er balanse mellom inntektene frå staten og dei oppgåvene kommunen skal levere på.
Må bruke sparepengane
I det store bildet er det lagt opp til at driftskostnadene blir redusert med om lag 16 millionar kroner. Sjølv om det kan sjå lysare ut frå 2026, er kutta ikkje nok til å kome i balanse neste år. Dermed ligg det an til at budsjettet må bli saldert med eit stadig mindre disposisjonsfond neste år.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP