Opna den nye brannstasjonen i Åmot: – Det er som å byrje ei ny tid
Laurdag blei store og små invitert til open dag på den nye brannstasjonen i Åmot. Blautkake, rebusløp, brannmaskoten Bjørnis og brannbilar var spesielt populært hjå barna.
– Den gamle bygningen som Telenor i si tid sette opp, og som me har halde til i i 20 år, var ikkje lenger brukandes. Det var for liten plass til bilane, tilhøva var tungvinne og ymse krav til HMS-reglar gjorde det ikkje forsvarleg å bruke bygningen lenger, seier beredskapsleiar Olav Ringhus i Vinje kommune.
Ny tid
Den nye stasjonen har kosta om lag 20 millionar kroner, og møter dagens krav, særskilt krava om reine og ureine soner. Brannkonstablane er eksponert for røyk i arbeidet, og dette må ein gjere noko med. Difor har ein urein og rein sone. Brannkonstablane tar av seg brannkleda med ein gong dei er ferdige med oppdraget dei er på, vaskar det på urein side, dusjar og tar på seg sivile klede på rein side.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er som å byrje ei ny tid når me har fått installert oss her. Her er alt på stell, det er ordna forhold og fasilitetane er mykje betre enn i den gamle stasjonen. Eg håpar det blir lettare med rekruttering til brannvesenet når folk ser dei flotte forholda me arbeider under her. Dessutan har me møte- og debriefingrom her og eit stort uteområde me kan øve på, seier den fornøgde brannmannen Arnulf Elgen.