Uviss framtid: I femten år har Sigrid Rui drive Rauland ridesenter. Nå er framtida uviss, men kommunen har opna pengesekken for å leite etter ei løysing.
Randi Berdal Hagen
Opna pengesekken for å redde ridesenteret. – Folk er utruleg lojale
Sigrid Rui på Rauland ridesenter visste ingenting om benkeforslaget som kom i kommunestyret tysdag, og blei både overraska og glad over millionløyvinga. – Det var hyggeleg, og folk er utruleg lojale, seier Rui.
Etter at ridesenteret i Rauland varsla at dei må stenge sommaren 2025 har Vinje kommune engasjert seg for å finne ei løysing. Tysdag blei saka handsama i kommunestyret, og innstillinga frå formannskapet var å løyve 150 000 kroner for å finne ut kva for moglegheiter det er for vidare drift av ridesenteret. Dette blei vedtatt, men det stoppa ikkje der, for i tillegg løyvde politikarane 1,5 millionar kroner for å sikre drifta på Rauland ridesenter ut sommaren 2026.
Rui blei litt tatt på senga av dette, for ho var på førehand usikker på om dei 150 000 kronene ville få fleirtal.
– Eg har ikkje vore pådrivar til dette. Det har kome frå folket, og det er jo veldig hyggeleg. All kred til kommunestyret for det, seier Rui.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP