Blei registrert inn på kassa: Fredag 5. november opna Snarkjøp Åmotsdal som heildigital og døgnopen daglegvarebutikk for bygdefolk, hyttefolk og gjennomreisande. Dagleg leiar i Snarkjøp, Per Eivind Vik (t.v.), hjelper kunde Tove Lunde Aase å registrere handavtrykk i kassasystemet. Bak Sigrun Dyrland Eidal.
Tone Tveit
Opna Seljords andre døgnopne daglegvare
Fredag var endeleg dagen komen for at Sigrun Dyrland Eidal og Jorunn Gåsdalen kunne ynskje folk velkomne inn i den ombygde og heildigitale daglegvareforretninga Snarkjøp i Åmotsdal. – Nå er det bare svaret frå Statsforvaltaren om me kan halde sundagsope som manglar, seier Eidal.
I juni 2020 kunne Sigrun Dyrland Eidal melde bygdefolket i Åmotsdal at dei etter to månadar utan matbutikk, endeleg kunne handle lokalt att. Fredag var butikkdrivarane i Åmotsdal klare for å opne endå ei ny satsing då bui frå og med 5. november blir døgnopen, året rundt for kundane.
Eller, 365 dagar og heile året rundt er enno uvisst. Kommunestyret i Seljord har vedteke at Åmotsdal er ein turiststad og kan på lik line med Flatdal og Hegna landhandel få halde butikken open på sundagar, men det er statsforvaltaren i Vestfold og Telemark som må ta den endelege avgjerda.
– Me ventar svar frå Statsforvaltaren, og håpar at det kjem snart. Det ville vere frykteleg rart om me ikkje får halde ope på sundagar her når Flatdal får det, seier Eivind Svinjom som er nestleiar i Åmotsdalsbui AS.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP