Dei fire jaktvalda i Seljord kommune vil organisere seg i eit felles bestandsområde, og ynskjer ein felles bestandsplan.
Tone Tveit
Opnar for innspel om hjorteviltforvalting
Nye målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord kommune er nå lagt ut på offentleg høyring.
Forskrift om forvaltning av hjortevilt set krav til at kommunane skal lage konkrete og tydelege kommunale målsetjingar, vidare blir det tilrådd at desse blir utvikla i tett dialog med rørte partar. I Seljord kommune har høyringsutkastet om kommunale målsettingar for hjorteviltforvaltning 2025 – 2027 vore drøfta i to møte mellom administrasjonen og representantar for Åmotsdal, Flatdal, Seljord aust og Seljord vest vald, og er nå lagt ut på høyring.
Ut frå tal som er rapportert inn til Hjorteviltregistret kan ein sjå ein oppgang av elg som er sett i Seljord kommune frå 2013 til 2017, og ein svak auke frå 2018 til 2024. Ein ser også ein svak nedgang av kalv per ku frå 2000 til 2019, men at dette har tatt seg opp att dei siste åra. Slaktevekta går også sakte nedover, men kommunen legg til at talmaterialet er lite og kan vere usikkert.
Bestanden av elg er ikkje som den var til dømes i 1999, då 179 elgar blei felt i Seljord kommune, medan det dei tre siste åra har blitt felt 86 elg kvart år i kommunen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP