Opnar igjen telefonen til familievernkontoret
Familievernkontoret Øvre Telemark har på grunn av koronaviruset halde stengt den siste tida, men torsdag morgon kan publikum igjen ta kontakt via telefon.
– Me kan ikkje drive terapeutisk arbeid over telefon. Det er litt vanskeleg, då me jobbar med fleire personar, som par og familiar. Men nå får publikum i alle fall ein telefon å ringe, me kan lytte og kanskje hjelpe, og gje litt håp og forventing, fortel dagleg leiar ved Øvre Telemark familievernkontor, Gunnar Ofte.
– Nå har me igjen ein stab som er tilgjengeleg, og kriblar i fingrane etter å ta imot samtaler, held han fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Familievernkontoret Øvre Telemark ligg i Seljord og dekker kommunane Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje, Seljord, Midt-Telemark, Notodden, Hjartdal og Tinn. Familievernkontoret er eit gratis, lågterskeltilbod for par og familiar som treng rådgjeving, samtaler eller rettleiing. Men på grunn av koronaviruset har familievernkontor i heile landet vore stengt den siste tida både fysisk og via telefon.
– Familievernkontoret arbeider med dei nære relasjonane, her kjem me saman og jobbar med det som er vanskeleg. Det er det som er særpreget vårt. Me trur at lykke og helse ligg i det som er mellom oss, seier Ofte.
Skal ta kontakt med det lokale kontoret
Sidan både bygg og telefon har vore stengt har Ofte berre e-posten å gå utifrå for å seie noko om kor mange som har tatt kontakt den siste tida.
– Heilt i starten var det ein del som tok kontakt, men så var det akkurat som om heile folket gjekk i kvilemodus.
Han fortel at par det har vore kritisk for og som skal møtast til mekling, har hatt eit naudnummer dei kan ringe, men frå og med torsdag 26. mars skal desse igjen vende seg til det lokale kontoret.
– Det blir også arbeidd med ei løysing slik at me kan utføre mekling utan fysisk oppmøte, fortel Ofte.
Familievernkontoret kjem førebels ikkje til å drive oppsøkande verksemd, men ta imot publikum som ringer. Så fort smittevernkrisa er over vil folk igjen få eit samtaletilbod som før.