Fekk så vidt fleirtal: Øystein Høgetveit (SV) fekk tretten med seg og tretten mot seg når det gjaldt støtte til bygdebokarbeidet i Øyfjell.
Åshild Emma Solbjør
Opnar pengesekken for bygdesoge og bibliotek, men ikkje for straumstøtte
Det vart førtifem avrøystingar då kommunestyret i Vinje tysdag handsama budsjettet for neste år, og ingen vedtak var samrøystes. Mest på hengande håret var det for bygdesoga i Øyfjell – med ei røyst mindre hadde dei ikkje fått pengar til å vidareføre arbeidet.
Nesten alle dei tjuetre budsjettforslaga frå formannskapet fekk fleirtal i kommunestyret. Dermed vert det pengar til næringsstøtte (1 million kroner), reiselivstiltak (5 millionar kroner) og Kyrkjeleg fellesråd (5,6 millionar kroner), for å nemne noko.
To av formannskapets forslag fall. Det eine var forslag nummer atten om å opprette ei arbeidsgruppe for gjenopning av Raulandsfjell alpinsenter, kombinert med eit samarbeidsprosjekt med Vinje skulegard. Her fekk Irja Godal (Bygdelista) fleirtal for eit alternativt forslag som ikkje nemner skulegarden, og som tek med Rauland Sameige som medlem i arbeidsgruppa.
Det andre som fall var forslag nummer nitten om å setje av ein million til å oppgradere Lybergvegen i Øyfjell. Her gjekk fleirtalet for eit forslag frå SV om å setje av ein million kroner ekstra til vedlikehald av kommunale vegar, og at administrasjonen lagar ei prioriteringsliste.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP