180.000 nordmenn betaler jegeravgifta kvart år, ifølgje NJFF. Foto: Torstein Bøe / NTB/ NPK
Oppgang i rypebestandane i Sør-Noreg
Årets teljing av rypekull har vist ein oppgang frå fjoråret. Dette er gode nyheiter for mange jegerar, etter at rypejakta vart avlyst mange stadar i 2023.
Det har vore oppgang frå i fjor både i Trøndelag, Gudbrandsdalen og Hardangervidda, ifølgje ein rapport frå Noregs Fjellstyresamband.
Torgeir Lande i Noregs Fjellstyresamband trur resultata frå oppteljinga betyr at fleire fjellstyre, altså dei som forvaltar rypejakta i statsallmenningane i Sør-Noreg, vil opne for jakt i år.
– Etter eit magert år i 2023 kan fleire jegerar no gle seg til nokre flotte dagar på jakt. Vi vil ikkje rekne dette som noka gullår, men noko å jakte på vil det vere i mange område, seier Lande i ei pressemelding frå Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP