Oppheva vedtaket om maks 12 skuterturar
– Har fått ein del tilbakemeldingar frå innbyggjarar om at dette ville slå annleis ut enn me såg for oss, melder ordføraren.
Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) skriv på Facebook at ho bad om at saka om løyve til maks 12 turar med snøskuter tur/retur hytta blei tatt opp i formannskapet. I etterkant av torsdagens møte skriv ho:
– I dag har formannskapet oppheva taket på 12 turar t/r hytta på snøscooterløyva kommunen gjev. Eg ba om at saka vart teken opp att fordi vi har fått ein del tilbakemeldingar frå innbyggjarar om at dette ville slå ut annleis enn vi såg for oss, skriv ho.
Det er ikkje lenger sentralt krav til at ei hytte må ligge minst 2,5 kilometer frå brøyta veg for å kunne få snøskuterløyve. Ordføraren skriv at dei ikkje har ynskt å innskrenke moglegheita til å bruke skuter til hytter i kommunen, men tvert om bruke opninga Stortinget har gitt for dei med kortare veg enn 2,5 kilometer.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP