Håpar å seie ja: Det var berre dei to representantane frå Frp som ikkje vil seie ja til fleire flyktningar i Seljord. Sondre Aasan og Beate Marie Dahl Eide håpar saman med eit solid fleirtal at kommunen kan ta i mot 60 nye flyktningar i løpet av neste år.

Oppmodar Vest-Telemark om å ta imot 275 flyktningar – Seljord ønsker å seie ja til 60

I løpet av 2022 har det kome mange flyktningar til norske kommunar. Nå ber styresmaktene kommunane rigge seg for å ta imot mange også neste år.

Publisert

Dei seks kommunane i Vest-Telemark blir oppmoda av IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) om å ta imot til saman 275 flyktningar. Tokke er den som blir oppmoda om å ta imot flest, 70 personar, Seljord 60 og Vinje 55, medan Fyresdal, Nissedal og Kviteseid alle blir oppmoda om å ta imot 30 personar kvar.

Rådmannen i Seljord meinte politikarane burde seie ja til 13 flyktningar, i tillegg til eventuell familiegjenforeining. Ingen av politikarane var einige i dette. Frp sa nei til fleire flyktningar, og dei femten andre i kommunestyret samla seg om eit ganske omfattande vedtak, men der hovudbodskapen er at dei ønsker å seie ja til 60 nye flyktningar i løpet av 2023.

Så langt har kommunen busett 45 flyktningar, men det kjem også fleire nå mot slutten av året, og talet vil ved utgangen av 2022 vere ein stad mellom 51 og 60. Så langt er alle flyktningane busett i Seljord sentrum, og fyrst i veke 50 vil ein familie bli busett i Flatdal.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS