Frå venstre. Carina Thorvaldsen (Frp), Edvard Mæland (H) og Eivind Skogheim (Ap).
Opposisjonen har i lang tid prøvd å stoppe innføringa av eigedomsskatt. I dag kan dei lukkast.
Det kan bli eit dramatisk budsjettmøte i Seljord i dag.
Taksering er gjennomført. Eigedomsskatt skal etter planen bli innført om to veker – frå 1. januar. Men i dag kan bremsene bli sett på i Seljord. Opposisjonen sitt framlegg til budsjett er enno ikkje kjent og vil bli lagt fram i dagens møte i Gamlesalen på Granvin kulturhus. Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet signaliserte i sist formannskapsmøte at budsjettframlegget deira vil vera utan eigedomsskatt.
Uvissa knytt til kva som blir vedtatt kjem av at Håkon Høgetveit denne veka stadfesta at han har meldt seg ut av Senterpartiet.
– Eg har fristilt meg for å kunne stemme på det eg meiner er mest rett for Seljord kommune, sa han, og la til at det var innføringa av eigedomsskatt som var dropen som gjorde at han melde seg ut av partiet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP