Har sendt brev: Suhail Mushtaq har sendt eit skriv til Statsforvaltaren på vegner av dei to største opposisjonspartia i Vinje, Det norske industripartiet og Vinje tverrpolitiske bygdeliste. Irja Godal er leiar av Bygdelista.

Opposisjonen meiner måndagsmøta gjer at dei blir «tatt på senga» gong på gong

Statsforvaltaren er i gang med å undersøke dei faste måndagsmøta mellom administrativ og politisk leiing i Vinje. No har opposisjonen sendt inn sine merknadar til møtepraksisen.

I minst tretten år har politisk og administrativ leiing i Vinje hatt ordninga med eit to timar langt uformelt måndagsmøte, utan sakliste og referat. Ordførar, varaordførar, kommunedirektør og kommunalsjefar er til stades på desse møta, medan opposisjonen og offentlegheita ikkje har tilgang til det som luftast her.

I februar tok Børge Skårdal (Bygdelista) opp måndagsmøta i eit formannskapsmøte, og sa at den skeive informasjonstilgangen til tider var ubehageleg for opposisjonen.

I april sette Statsforvaltaren i gang undersøkingar av måndagsmøta, og bad kommunen svare på ei rekke spørsmål om møtepraksisen. Eit av dei var om det er sakliste til desse møta.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS