Lagt ned: I år er det ikkje ungar i barnehagen på Åmdals verk, men skulen er framleis i drift.

Opprettheld avvisingsvedtaket

I mai vedtok Tokke-politikarane å legge ned barnehagen på Åmdals Verk. Foreldra har klaga på handsaminga av saka. Med to mot fem røyster valde formannskapet å oppretthalde avvisingsvedtaket.

VTB har ved fleire høve dei siste månadane skrive om barnehagen på Åmdals Verk, som like før jol vart «freda» for to nye år, medan den i mai vart lagt ned med verknad frå august i år.

Foreldra til ungane i barnehagen har reagert, og meiner dei ikkje vart involvert i prosessen. Dei har også klaga på fleire punkt i handsaminga av nedlegginga, og meiner feil saksopplysningar vart lagt fram for kommunestyret, og at den manglande dialogen er i strid med barnehagelova. Foreldra har også klaga på svaret frå barnehage-eigar som var i form av eit avvisingsvedtak etter forvaltingslova. I avvisningsvedtaket frå kommunalsjefen for oppvekst, kultur og idrett, Finn Arne Aksje, avviser han klaga frå foreldra, og viser mellom anna til at hovudårsaka til nedlegginga er den økonomiske situasjonen i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunestyret var her i eit dilemma mellom kommunelovas krav til å setje «tæring etter næring», og den politiske forpliktinga som ligg i tidlegare vedtak – som ikkje er lovpålagt, heiter det mellom anna i vedtaket.

Setterådmann

I førre møte var saka på bordet til formannskapet i Tokke. Sidan vedtaket det vart klaga på vart gjort av kommunalsjef Aksje, og han nå er konstituert rådmann, vart saka greidd ut av ein setterådmann, rådmannen i Vinje kommune, Jan Myrekrok.

Myrekrok rådde politikarane til å oppretthalde avvisingsvedtaket, medan Sp-politikar Laila Karlsen Taraldlien føreslo å oppheve vedtaket. Taraldlien fekk berre med seg ordførar Jarand Felland (Sp) sin stemme, og forslaget fall.