Ordførarens ynske: Tarjei Draugedal håpar kommunen kan få på plass dei tilsette som kommunen lyser etter knytt til Kviteseid omsorgssenter, og deretter auke talet på sjukeheimsplassar etter kvart.

Ordføraren om sjukeheimsplassar: – Reknar på det heile tida

Kviteseid-ordførar Tarjei Draugedal (KrF) seier dei stadig diskuterer kapasiteten på omsorgssenteret, men at rekruttering er eit hinder.

Publisert

– Me har dei ledige romma, men så er det å få nok tilsette, seier Tarjei Draugedal til VTB.

Den siste tida har det kome fram at Kviteseid omsorgssenter (Kos) er fullt, pasientar står i kø, og kommunen må kjøpe sjukeheimsplassar frå andre kommunar. I 2024 blei det kjøpt 206 døgnplassar, og så langt i år har kommunen kjøpt 35 døgnplassar. Pårørande reagerer på at det står fem rom tomme på Kos som ikkje er i bruk, og at ein innbyggjar mellom anna blir sendt til Gvarv på avlasting på sjukeheimen der.

Ordførar Draugedal seier at budsjettet til eldreomsorg blei styrka i 2025 med mål om å få ned vikarbruken på Kviteseid omsorgssenter, og legg til at talet på sjukeheimsplassar også stadig blir diskutert med administrasjonen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS