Ove Simonsen mista livet i ulykka i Seljord
Det var 49 år gamle Ove Simonsen frå Ulefoss som mista livet i ei ulykke på Århusmoen industriområde i Seljord fredag for vel ei veke sidan.
Det stadfestar familien i ei uttale.
– Me er ein familie i sjokk og sorg, seier broren Tor Espen Simonsen i uttala på vegner av familien, til avisa Varden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ove var ein snill, omsorgsfull og familiekjær sambuar og pappa. Han var alltid hjelpsam og fiksa det meste. Han stilte alltid opp for andre, seier familien i uttala.
Det var under ein sosial samankomst på Århusmoen industriområde at ulykka skjedde fredag for vel ei veke sidan.
VTB har ikkje lukkast med å få ein status i etterforskinga frå politiet – verken sist veke eller i dag, måndag.
Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter opplyste dagen etter ulykka at politiet hadde godt oversyn over kva som hadde skjedd, og sa at ein sittegrasklippar truleg var involvert i ulykka, utan at han ville gå inn på detaljar om hendinga.