Engasjerer seg for førarkort: Syriske Faten Almahmoud (t.v.) er fornøgd med at ektemannen Taisir har førarkort. Adhanom Twelde frå Eritrea (midten) har også førarkort. Alle tre kom til Vinje i 2018 og er no arbeidstakarar og skattytarar. Silva Aganze (t.h.) frå Kongo kom til Vinje i 2021. Han har klart teoriprøva, men øvekøyring har vore verre. – Eg står med bilnøkkelen i handa, men har ingen å øvekøyre med, fortel Silva. Abdi Mohamed Ali (nr 2 f.h.), saknar ordninga dei hadde då Taisir og Adhanom kom til Vinje, der vaksenopplæringa følgde opp flyktningane i prosessen med å få førarkort.

Øvekøyringa forsvann langs vegen

Langs vegen mot ny organisering av flyktningtenestene i Vinje, har ei velfungerande førarkortordning forsvunne. Det meiner Abdi Mohamed Ali, som etterspør den tette oppfølginga av førarkort for flyktningar som kommunen hadde tidlegare.

Publisert Sist oppdatert

Ali har sjølv flyktningbakgrunn og har mange års erfaring frå flyktningarbeidet i Vinje, både gjennom arbeid i integreringstenesta og ein stor frivillig innsats. Han jobbar no i vaksenopplæringa, og er veldig bekymra over at færre flyktningar tek førarkort no enn tidlegare.

– Før hadde me ei ordning der vaksenopplæringa øvekøyrde med elevar. Me motiverte dei til å jobbe med teorien, og me følgde dei til Skien eller Rjukan for å sikre at dei blei forstått og fekk tilrettelegging der. Det førte til at ni flyktningar tok førarkort, seier Ali.

Han meiner han ser eit skilje, der dei som var ferdig på introduksjonsprogrammet i 2021, som altså kom før omorganiseringa av flyktningtenesta, klarar seg bra.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS