Boost: Lene Vågslid seier satsinga er eit viktig steg på vegen mot å gjera raskt internett til ein borgarrett på lik line med tilgang på straum.

Over ein halv milliard til breibandutbygging i distrikta

Ice er siste teleoperatør som forpliktar seg til utbygging av høghastigheitsbreiband via 5G-nettet. Frå før er Altibox, Telenor og Telia med på satsinga. – Dette vil vera ein kjempeboost for distrikta, seier leiar av kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap).

Publisert

Satsinga er knytt til 5G-auksjonen, som vart avslutta i september. Under denne forplikta Altibox, Telenor og Telia seg til å byggje ut høghastigheitsbreiband til ein totalsum på 480 millionar kroner, mot at dei får rabatt i prisen på 5G-frekvensane. Ice har no også blitt med på satsinga, og forpliktar seg til å bygge ut breiband for 80 millionar kroner, altså har satsinga no ei totalramme på 560 millionar kroner.

– Regjeringas mål er at alle skal ha tilbod om høghastigheitsbreiband innan 2025. Med distriktspakka på 5G og meir statlege tilskot til breibandutbygginga, vil me få eit markant løft på både mobil- og breibanddekninga i distrikta framover, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i ei pressemelding på regjeringa sine heimesider.

Satsinga kjem i tillegg til dei 100 millionane kronene ekstra regjeringa alt har føreslått å løyve i breibandtilskot, som dermed vil vera på over 300 millionar kroner neste år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS