Lang ventetid: Sondre Berget synest den lande tida saka har tatt er ei påkjenning. – Ein får ikkje slappe av der oppe. Ein har det hengande over seg, seier Berget til VTB.
Åshild Emma Solbjør
Over eitt år har gått sidan Sondre og Olav fekk medhald i vegklaga si, men saka er framleis ikkje avslutta. – Ein har det hengande over seg
– Det som er ekstremt ille er at ein ikkje får ro og fred og får slappe av der oppe. Ein har det hengande over seg. Kva skjer neste gong? seier grunneigar Sondre Berget.
VTB har fått innsyn i eit brev som advokat Vetli Felland sende til Vinje kommune den 5. april i år på vegner av brørne Sondre og Olav Berget. Her ber dei om at saka om vegen på dyrka mark på garden Sudbø i Arabygdi no vert avslutta.
– Saka har no lege hjå kommunen lenge. Saka bør no få si avslutning, skriv Felland i brevet.
– Grunneigar ønskjer at kommunen gjer eit vedtak om at vegen som er bygd på gnr. 126 bnr. 5, er lovleg. Om kommunen vel å ikkje treffe eit slikt vedtak, reknar me med at passivitet frå kommunen sin side må forståast som aksept av at vegen er lovleg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP