Det vert sendt såpass mykje mindre post at det ikkje lenger er behov for dagleg utlevering. Frå tysdag 7. juli kjem postbodet berre annankvar dag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK
Over og ut for dagleg post – sjekk kva dagar du bør tømme postkassa
Tysdag er det slutt på daglege postutleveringar. Kva dagar postbodet kjem på besøk, kan du sjekke på nettsidene til posten.
Postbodet kjem måndag, onsdag og fredag i ei veke, og tysdag og torsdag i den neste veka, opplyser Posten i ei pressemelding.
Her kan du sjå når bodet kjem dit du bur etter at Posten har gjennomført den største omlegginga si i nyare tid.
For lite post til dagleg utlevering
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP