Stein Birger Johnsen ved ei av snøkanonen på toppen. Dei beste tilhøva for snøkanonane er når det er minus 10 til 12 grader.

På skisentera er dei optimistar før påska. – Har produsert store mengder snø døgnet rundt

Skisentera melder at dei vil halde ope, trass i ein vinter med mykje mildvêr og lite natursnø.

– Me har produsert store mengder snø døgnet rundt den siste veka, takka vere minusgrader, fortel driftsleiar Stein Birger Johnsen ved Rauland skisenter.

Rauland skisenter har hatt ein god sesong så langt og ligg omtrent ti prosent framfor fjoråret. Omsetninga i fjor var rundt 70 millionar kroner. Det er enno usikkert om den seine påska gjer at fleire har reist tidlegare på vinteren, noko som kan føre til lågare besøkstal i påska. Planane for den stille veka er likevel fastsette. 

– Kuldeperioden som har vore no, har redda oss. I fjor var vêret dårleg i påska og folk besøkte bakkane mindre, men me kompenserte med konsertar og kveldsarrangement i telt på parkeringsplassen. Desse arrangementa vil me også ha i år, fortel Johnsen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS