Pass: Ein bør vera tidleg ute dersom ein ynskjer å fornye passet i Åmot 19. november. Det er ikkje mogleg å bestille time på førehand, då alle er tekne, men politiet har lova å ta i mot så mange på drop-in som råd.

Passbussen kjem att i november

Publisert Sist oppdatert

Passbussen, det mobile passkontoret til politiet, kjem til Vinje att fredag 19. november. – Det er fullbooka for lenge sidan, men dei har lova å ta i mot drop-in så lenge dei rekk, opplyser passbussansvarleg Trond Neri Flothyl i vinjepolitiet i ein sms.

Førre gong bussen var i Vinje var 1. oktober, men då stakk tekniske problem kjeppar i hjula for drop-in køen.

– Dei rakk ikkje så mange då. Eg håpar dei rekk gjennom fleire denne gongen, skriv Flothyl.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS