Planlegg tur: – Det blir spennande å sjå om alle klarar å gjennomføre. Det kan sjølvsagt skje ting undervegs, seier Bjarne Reime til høgre. Her saman med Olav Nilsen og Bjørn Leirvik frå Treungen.
Privat
Pensjonistane skal sykle frå Fjone til Gibraltar: – Me må gjere dette før me blir for gamle
Bjarne Reime har i lang tid hatt lyst til å sykle ein langtur. Saman med tre andre planlegg han nå å sykle gjennom store delar av Europa.
– Me må gjere dette før me blir for gamle, seier Bjarne, som blei 70 år i november.
Planen er å sykle frå Fjone til Gibraltar, lengst sør i Spania. Det vil sei Bjarne begynner på Fjone. I Treungen heng Bjørn Leirvik og Olav Nilsen seg på. Sigurd Marlov Antonsen kjem frå Arendal. Alle fire er nå pensjonistar i ein alder frå 63–72 år. Dei planlegg å sykle til Kristiansand, ta ferja over til Hirtshals, og så sykle vidare ned gjennom Danmark, Tyskland, Frankrike og Spania. Det blir om lag 4000 km, og dei reknar med å bruke ein god månad på turen.
Begynte å sykle etter hofteoperasjonar
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP