«Personar som kjem til kommunen frå andre fylke og regionar vert oppmoda om å praktisere heimekarantene så langt mogleg. Dette gjeld også arbeidspendlarar.»
Kommunen ber butikkane ikkje sleppe inn mange kundar i butikken samstundes.
Tokke-ordførar Jarand Felland seier det per klokka 14.00 sundag ikkje er nokon smitta i kommunen.
Pressemeldinga frå Tokke kommune:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Smittestatus per 15.03.20 kl. 14:00 er at ingen smitte er påvisa i Tokke. Legekontoret prioriterer akutt hjelp samt naudsynt helsehjelp medan Koronasituasjonen er under utvikling. Legekontoret kan tilby videokonferanse med pasientar som eit alternativ til personleg oppmøte.
– Nye tiltak og stengingsvedtak per 15.03.20, og som gjeld inntil vidare. Heimel for stenging er Lov om smittevern § 4-1, og føremålet er å unngå samanstimling av folk:
a. Serveringsstader stengast for fortæring av mat på staden.
Catering kan vera eit alternativ.
b. Preparering av skiløyper avsluttast.
c. Politiske hovudutvalsmøte utsetjast til over påske. Digitale møte kan gjennomførast for å gjere vedtak i strengt naudsynte saker.
d. Rådmannen i Tokke har formelt erklært at kommunen er i ein beredskapssituasjon og har sett krisestab.
– Rask psykisk helsehjelp er tilgjengeleg på telefon 970 58 050 i tidsrommet 8.00-16.00.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kommunen oppmodar alle om i størst mogleg grad å halde seg heime – dette gjeld også born og ungdom. Naudsynte arbeidsreiser, innkjøp og helserelaterte gjeremål er unnateke. Ein bør praktisere 1 meters avstand til andre også på butikkar og andre offentlege plassar. Butikkar bør ikkje sleppe inn mange kundar i butikken samstundes, og unngå samanstimling.
5. Personar som kjem til kommunen frå andre fylke og regionar vert oppmoda om å praktisere heimekarantene så langt mogleg. Dette gjeld også arbeidspendlarar.
6. Til samfunnskritiske funksjonar høyrer også mat/husdyrproduksjon.