Avsluttar på heimebane:

Petter Lindskog ser fram til å gå noregscupfinalen på heimebane. Han håpar på gode plasseringar og opplevingar der.

Petter har kvalifisert seg for noregscupsfinale

Det er mange år sidan idrettslaget Rein har hatt ein utøvar i ein noregscupfinale i langrenn. Det er heller ikkje mange vesttelar som har fått moglegheita i den settinga dei siste åra. Difor er det gledeleg at Petter Lindskog no er klar for noregscupfinalen i slutten av mars.

Publisert

– Eg er godt nøgd med at eg har kvalifisert meg til finalen på Hovden og nådd eit av dei store måla for vinteren. Men eg er ikkje tilfreds med det eg presterte i det som var min første juniornoregsmeisterskap i helga. Eg var langt frå like sprek som då eg oppnådde gode plasseringar i noregscuphelgene i Molde og på Gjøvik. Denne gongen hadde eg ikkje like mykje å gå på som då eg samla godt med noregscuppoeng der, seier Petter.

16-åringen hadde inga god forklaring på kvifor han ikkje var den beste versjonen av seg sjølv i juniornoregsmeisterskapen på Lygna. Lindskog har nemleg halde seg frisk etter at han gjekk tre gode renn på Gjøvik. Det gjekk òg fort då han helga etter vart krinsmeister. Det var eit kvalitetsteikn at Edland-guten sette dei beste i Telemark og Vestfold på plass. Vest-Telemarks beste juniorløpar følte seg faktisk piggare der enn han har gjort i noregscupen.

Det fortel mykje om det høge nivået i norsk juniorlangrenn at Petter under junior-NM gjekk to individuelle renn utan å få noregscuppoeng. Den framgangsrike skigymnasiasten klarte ikkje å kome blant dei 50 beste verken i distanserennet i skøyting eller klassisk. Det var eit tilbakeslag for den målmedvitne ungguten, som låg på 31. plass samanlagt i noregscupen før junior-NM. Petter er no på 41. plass etter den magre poengfangsten i helga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS