Garnfiske: Tynning er ein del av arbeidet med å forvalte fiskevatna rundt Havrefjell, og spesielt for å sikre betre vekstvilkår for fisken.

Pia gjer sitt for at det skal bli større fisk i dei fine aurevatna. – Det er berre å hive seg i det

Tynning er ein viktig del av forvaltninga av fiskevatna rundt Havrefjell på Felle, og skal bidra til betre vekstvilkår for fisken. Pia Fjeld-Johansen, som er aktiv i fiskegruppa i Havrefjell hyttelag, håpar fleire vil bli engasjerte i arbeidet med å sikre eit sunt vassmiljø og gode fiskemoglegheiter for alle.

Publisert

Haustens siste tynning i Spjotvatn er gjennomført, og 13 fine småaure vart det denne gongen.

Tynning blir gjort fordi det er for mykje småfisk i forhold til ressursar i vatnet. Dette gjer at kampen om mat ofte blir for tøff, og fisken veks seg derfor ikkje stor. Sparer ein på den største fisken og slepper dei ut igjen, er desse med på å regulere bestanden i vatnet, ved at dei et småyngel. Tynning kan derfor bidra til eit meir sjølvregulert vatn, og større fisk, som er lettare å fiske på stong seinare.

Pia Fjeld-Johansen har hytte på Havrefjell og er med i fiskegruppa i Havrefjell hyttelag si foreining. Ho fortel at gruppa jobbar med å forvalte fiskevatna Spjotvatn, Sandtjønn og Grestjønn.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS