Politistasjonssjef: Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark.

Politiet åtvarar etter fleire meldingar om menn som prøvar å selje bilde til eldre

Onsdag melde ei eldre kvinne i Kviteseid frå om tjuveri frå heimen sin. Det er eitt av fleire tilfelle den siste tida.

Kvinna fekk besøk av ein ukjent mann på døra i leilegheita i sentrum. Då mannen hadde reist oppdaga kvinna at ho sakna lommeboka si. Det er eitt av fleire liknande tilfelle i Midt- og Vest-Telemark den siste tida.

Nå oppmodar politiet eldre om å sikre seg best mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til dømes ved å låse døra og ikkje sleppe inn ukjente, seier politistasjonssjef Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark i ei pressmelding.

Les også
Fekk besøk av ukjent mann – etterpå var lommeboka borte

I løpet av dei siste 14 dagane har politiet fått fire meldingar om slike hendingar i Midt- og Vest-Telemark. Det er tatt kontantar frå i alle fall to av bustadene, opplyser Dahl i pressemldinga.

– Eit fellesstrekk er at ein mannsperson tek kontakt på inngangsdøra og ønsker å selje bilde eller teikningar til eldre menneske, og tar seg deretter inn i bustaden med eller utan løyve. I fleire av hendingane har mannspersonen undersøkt vesker eller lommebøker, fortel politistasjonssjef Dahl.

Politiet ser svært alvorleg på at kriminelle utnyttar eldre personar og utset dei for skremmande opplevingar i eigen heim.

– Me oppmodar til å ta rask kontakt med politiet om ein blir utsett for noko slik. Det vil auke moglegheitene for å ta gjerningspersonane, seier Dahl.