Brotne opp: Låsar er brotne opp fleire stader.
Politiet
Politiet har fått fleire meldingar om stolne aggregat
Politiet veit om minst tre aggregat som er stolne frå hytter i Seljord og Vinje kommunar i løpet av den siste tida.
Politiet har tidlegare meld om ei rekkje hytteinnbrot i Gullnesvegen og Millionvegen i Seljord kommune i løpet av den siste veka. Om ein køyrer denne vegen vidare kan ein kome til Langlim og etter kvart til Øyfjell. Her har det også kome melding om aggregat som er stole.
Fungerande politistasjonssjef for Midt- og Vest-Telemark, Trond Neri Flothyl, seier det er meldt om minst tre stolne aggregat i om lag i same tidsrom, og ser det ikkje som utenkeleg at det kan ha vore endå fleire tjuveri i områda langs denne vegen mellom Seljord og Øyfjell.
– Sjekk hytta di, er oppmodinga frå Flothyl.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP