Politiet ønsker tips etter tjuveri frå fleire eldre
Den siste tida har fleire eldre på Austlandet blitt utsett for tjuveri heime hos seg. Politiet ber folk vere årvakne.
I slutten januar skreiv VTB at ei eldre kvinne hadde fått besøk av ein ukjent mann, og at lommeboka då vart stolen. Dette var ikkje ei unik hending, og liknande har skjedd fleire stadar på Austlandet. Politiet ser ikkje bort frå at det kan vere snakk om same gjerningspersonar som reiser rundt.
Hendingane går ut på at ein eller fleire personar har ringt på heime hos eldre og har ønskt å selje bilde eller teikningar. I nokon tilfelle har personen hevda å vere røyrleggar som kjem for å sjekke ein fiktiv vasslekkasje. Politiet ser ikkje bort frå at det kan vere andre liknande framgangsmåtar. Deretter har personane tatt seg inn i bustaden med eller utan løyve. I fleire av tilfella har det blitt stole eigendelar.
– Me ser alvorleg på desse hendingane og har forståing for at dette opplevast svært skremmande, seier politiadvokat Margit Slåtta Flothyl, i ei pressemelding.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP