Engasjert: Jon Rikard Kleven var ikkje samd i at kommunen burde setje busetjing av flyktningar på pause. Han fekk gjennomslag for framlegget om å ta i mot 10-15 flyktningar i 2022.

Politikarane ueinige med administrasjonen – Vinje seier ja til å ta i mot flyktningar også i 2022

Kommunestyret vil ikkje setje busetjing av flyktningar på pause.

Publisert

Administrasjonen hadde, i samband med at integreringstenesta i fjor vart flytta frå Åmot skule til helse- og omsorgseininga, kome med framlegg om at kommunen ikkje tek i mot flyktningar i 2022. Forutan omorganiseringa lokalt, tredde også nytt lovverk i kraft 1. januar i år, som stiller nye krav til fagleg og pedagogisk kompetanse til dei som skal undervise i vaksenopplæringa.

Rådmannen kom opphavleg med framlegg til vedtak om å setje busetjing av flyktningar på pause i 15 månadar, for å «strukturere opp integreringsarbeidet», og å gjera ei ny vurdering av busetjing for 2023 neste haust. Familiegjenforeining ville vera unntatt busetjingsstoppen, og gå føre seg som vanleg. Då saka var oppe i oppvekst- og velferdsutvalet (OVU), vart det etter framlegg frå Kari Omdal Tveito (SV) vedteke at busetjinga førebels blir sett på pause, men at saka vurderast på nytt i mars 2022.

– Vanlegvis er dette ei gladsak, der me seier ja til å ta i mot flyktningar. I år er det litt annleis, og saka er vanskelegare. I OVU valde me å la døra stå på gløtt, og vurdere på nytt i mars, sa ordstyrar Kari Omdal Tveito då ho la fram saka.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS