Professor og allergiekspert Sverre Steinsvåg meiner helsevesenet kjem til slite med å skilje kva som er allergi og kva som er koronavirus. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB Scanpix / NPK

Pollenallergi liknar på koronasymptom

Helsevesenet kjem til å få utfordringar med å skilje allergi frå koronavirus, meiner allergiekspert Sverre Stensvåg, for symptoma er svært like, skriv NRK.

Publisert

– Det eg er bekymra for er at mange av dei symptoma som pollenallergikarane kjem med om tre–fire veker, dei liknar til forveksling på dei symptoma det blir åtvara mot i forhold til korona, seier Sverre Steinsvåg til kanalen.

Han er avdelingsleiar for øyre-nase-hals-avdelinga ved Sørlandet sjukehus og professor ved Universitetet i Bergen.

– Det blir eit kjempeproblem å skilje kva som er allergi og kva som er korona, seier han.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS