Passar ikkje: Kommunedirektør Ulf Pedersen meinte Partnerskapsløftet krev for mykje ressursar, og fekk fullmakt frå dei folkevalde til å tilpasse prosjektet til Fyresdals sko.
Åshild Emma Solbjør
Prosjektet som skal minke ungt utanforskap er «overkill», meiner kommunedirektøren
– Det eg er kritisk til er at dette er bygd på ein felles mal for heile Vestfold og Telemark, med same forventingar til Sandefjord som til Fyresdal, sa kommunedirektør Ulf Pedersen då dei folkevalde i Fyresdal skulle ta stilling til deltaking i prosjektet Partnerskapsløftet.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Nav og kommunar og fylkeskommunar i Vestfold og Telemark. Pedersen er i utgangspunktet positiv til at det blir jobba med tiltak for å redusere utanforskap blant unge, men er negativ til ressursbruken som er tenkt inn i dette prosjektet. Han peikar på at Vest-Telemark kommunane har eit felles Nav-kontor og meiner det er unødvendig at alle kommunar skal stille med ein eller fleire personar inn i eit nettverk.
– Organiseringa er etter kommunedirektørens oppfatning «overkill», skriv Pedersen i saksutgreiinga.
Han peikar vidare på at Fyresdal kommune har svært låge fråfallstal, nokre år ingen, og at det jobbast godt med dei som står i fare for fråfall frå vidaregåande skule. Kommunen har også lokale prosjekt som er finansierte med pengar ein har fått frå Statsforvaltaren, og der fokus er på unge og psykisk helse, og ein har eit prosjekt på førebyggande arbeid blant barn og unge.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP