På jobb: Tone Elise Sætervang (t.v.) og Qamar Shaker synest alle skal få ha sine eigne meiningar, men meiner det er uakseptabelt å kritisere Shaker for at ho brukar hijab når ho er på jobb.

Qamar opplevde sjikane på jobb. – Heilt uakseptabelt

I løpet av den andre opningsdagen var det to ubehagelege episodar for dei tilsette på Kunstlåven i Seljord.

Publisert Sist oppdatert

Ein av dei besøkande ytra seg kritisk til Qamar Shaker som har sommarjobb for andre året på rad på Kunstlåven. Shaker er opphavleg frå Syria og brukar hijab.

Styreleiar i Seljord kunstforeining, Tone Elise Sætervang, høyrde deler av samtala, og fortel at gjesten som besøkte kunstutstillinga på Brøløs i Seljord sa til Shaker at hijab er eit undertrykkande plagg og at det ikkje er akseptert her i Noreg.

Innafor same tidsrom vart ein av kunstinstallasjonane på låven rive ned. Installasjonen var ein del av utstillinga til den samiske kunstnaren Heidi Haaker. Verken Sætervang eller nokon av dei andre tilsette var til stades då installasjonen vart øydelagt, så ingen kan vite sikkert kva som skjedde.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS