Agder lagmannsrett meiner jegeren frå Vest-Telemark handla aktlaust, men ikkje grovt aktlaust då han avliva eit skadeskote rådyr med kniv.
Elin Fjalestad
Rådyrjegeren vart frifunnen i lagmannsretten
Jegeren frå Vest-Telemark, som vart dømt i tingretten etter å ha avliva eit skadeskote rådyr med kniv, vart frifunne i lagmannsretten.
Ein mann frå Vest-Telemark vart i Telemark tingrett dømt til betinga fengsel i 30 dagar for brot på dyrevelferdslova, etter at han hausten 2023 avliva eit skadeskote rådyr med kniv. Han fekk i tillegg ei bot på 20 000 og mista retten til å jakte i 18 månader.
Tingretten meinte at jegeren handla grovt aktlaust, og at han påførte dyret store smerter under avlivinga.
Mannen, som ikkje erkjente straffskuld, anka saka til lagmannsretten.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP