Fylkesveg: Tokkeordførar Jarand Felland viste vegtoppen frå fylket, Arve Høiberg, rundt på dei dårlege vegane i kommunen.
Olav Åsen Haugsgjerd
Rasførebygging på fylkesveg 450 skal prioriterast fyrst
Samferdselsutvalsleiaren i fylket, Arve Høiberg (Ap) seier den rasutsette strekninga mellom Hallbjønnsekken og Bjørnevassområdet i Valle, står øvst på prioriteringslista.
Leiar av hovudutval for samferdsel i Vestfold og Telemark fylkeskommune har vore på flittig besøk i Øvre Telemark etter han tok over posisjonen. Torsdag fekk han omvising av Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) på den rasutsette bilvegen.
Høiberg fortel på bilturen over fjellet at trafikktryggleik alltid kjem føre betre vegar for å kome fortare fram.
– 90 prosent av den rasutsette strekninga ligg i Vestfold og Telemark fylke, medan dei siste 10 er i Agder. Det er naturleg at me tek den største delen av rekninga, medan Agder må løyve pengar til strekninga på den andre sida. Men eg vil tru me skal stå for prosjekteringa, seier Høiberg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP