Privat
Regjeringa aukar reisefrådraget for pendlarane
Den nye regjeringa sitt justerte Statsbudsjett går dei inn for å auke reisefrådraget for pendlarane med 500 millionar kroner.
– For ein dagpendlar mellom Dalen og Åmot vil det bety 2 700 kroner i året, seier Åslaug Sem-Jacobsen, Stortingsrepresentant for Telemark frå Senterpartiet.
Telemarksrepresentanten meiner grepet er viktig for mange telemarkingar.
− Det er mange pendlarar i Vest-Telemark, mange som pendlar ut av Notodden for å jobbe, og det er mange som pendlar inn til Grenlandskommunane. Dei vil nå sitte igjen med meir pengar på kontoen. Regjeringa tar grep som gjør det lettare for folk å bu der de vil over heile landet, meiner Sem-Jacobsen (Sp).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP