Stort behov: I tidlegare Telemark fylke er det eit etterslep på fylkesvegane som det vil koste tre milliardar kroner å rette på. Før sommaren kan Nasjonal transportplan innehalde historisk løyving til fylkesvegane.
Geir Ufs
Regjeringa vil bruke 16 milliardar på fylkesvegane
I Nasjonal transportplan som mindretalsregjeringa legg fram fredag, er ynsket frå Høgre, Venstre og KrF å gje 16 milliardar kroner til fylkesvegane. Årleg sum fyrste 6 åra er 825 millionar kroner til desse vegane.
Det vil koste mellom 60 og 90 milliardar kroner å rette opp i alt etterslepet på dårlege fylkesvegar i Noreg. På NRK i dag tysdag kom det fram at regjeringa i Nasjonal transportplan (NTP) for dei neste 12 åra vil setje av 16 milliardar kroner øyremerka fylkesvegar i landet. Frå 2022 til 2027 er årleg løyvingssum på 825 millionar kroner.
– Det regjeringa føreslår nå er ei veldig etterlengta ordning, og det er eit lyft for fylkesvegane som eg trur blir veldig godt tatt imot. Av alle innspel me fekk til ny NTP hadde samtlege med at det måtte kome midlar til vedlikehald av fylkesvegane. Det er på tide at fylkesvegane får ein stor pott frå staten, sjølv om NTP eigentleg ikkje skal handle om slike vegar, seier Solveig Sundbø Abrahamsen (H), stortingsrepresentant frå Telemark og medlem i transportkomiteen.
Ho hugsar tilbake til 2010, det året dåverande raud-grøn-regjering vedtok at frå då av skulle fylkeskommunane overta ansvaret for fylkesvegane.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP