Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og Marte Mjøs Persen (Ap) etter at partia Høgre, Frp, Venstre, KrF, Raudt og SV orienterte om semje knytt til prosjekt i samband med Nasjonal transportplan 2025–2036.
Terje Bendiksby / NTB / NPK
Regjeringspartia fryktar vegkaos etter semja til opposisjonen om NTP
Arbeidarpartiet fryktar vegkaos etter at SV braut forhandlingane med regjeringa og i staden fann semje med dei borgarlege partia om Nasjonal transportplan. – Eg er bekymra for gjennomføring og ferdigstilling av riksveg 41 og øvrige vegprosjekt i Vest-Telemark, seier Jone Blikra (Ap).
Transportkomiteen på Stortinget gav torsdag formelt innstillinga si om Nasjonal transportplan (NTP) innan fristen. Som venta vart det fleirtal for fleire av dei prosjekta som SV ikkje fekk gjennomslag for i forhandlingane sine med regjeringa.
– Arbeidarpartiet fryktar vegkaos etter at høgresida og SV går saman om Nasjonal transportplan, skriv transportpolitisk talsperson Marte Mjøs Persen i Ap.
Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet har vore saksordførar for arbeidet med NTP i Transportkomiteen på Stortinget. Han gir komitékollegaene i opposisjonspartia hard kritikk for å skape uvisse for folk og næringsliv over heile Noreg på grunn av alle dei nye prosjekta som har vorte lagt til i planen utan finansiering.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP