Aldri før er det registrert så mykje dompap over så mange stader som i år, ifølgje fugleorganisasjonen Birdlife. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Rekordår for dompapen

Dompap har aldri før blitt påvist i så store mengder som i år under hagefuglteljinga.

Publisert

I tillegg til å ha blitt registrert i større mengder, har han i år hatt vidare utbreiing enn tidlegare, skriv den ornitologiske organisasjonen Birdlife i ei pressemelding.

Det er kjøtmeisa som plar å vera den mest utbreidde hagefuglen, og det har han vore heilt sidan Birdlife byrja med den årlege hagefuglteljinga i 2008. Men førekomsten har sokke med åra, og over fleire år har fuglearten hatt dårlege hekkesesongar.

Hagefuglteljinga 2024 går frå 20. januar til 4. februar. Til no har organisasjonen fått rapportar frå om lag 8000 fôringsplassar og talt 370.000 fuglar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS