Ikkje uroa: Leiar for seksjon for opptak og rekruttering ved Politihøgskulen, Ann-Lisbeth Framaas er ikkje bekymra over talet på søkjarar i 2022.

Rekordlågt søkjartal, men er ikkje bekymra: – Konkurransen vil framleis vera tøff

Nesten 1000 færre har søkt på politiutdanning i år, sett opp mot 2021.

Publisert

Politihøgskulen melder sjølv at dei har fått 3 340 søkjarar, derav 2 453 som har utdanninga som fyrsteprioritet. Til samanlikning var det 4 286 søkjarar i fjor, som var fyrste året med oppgang sidan 2016, medan det i 2020 berre var 119 fleire søkjarar enn det er i år.

Men trass i at søkjartalet er det lågaste sidan utdanninga vart inkludert i samordna opptak i 2009, er det framleis langt fleire søkjarar enn dei 400 plassane skulen tilbyr. Talet på utdanningsplassar har også blitt redusert, fyrst frå 730 til 554 i 2018, og seinare til dagens nivå, skriv Politiforum.

– Det er naturleg søkjartalet varierer frå år til år, og samla er Politihøgskulen nøgd med søkjarinteressa. Sjølv om me opplever ein nedgang i søkjartal i år, har me likevel 8,4 søkjarar til kvar studieplass. Det betyr at konkurransen om plassane framleis vil vera tøff, seier Ann-Lisbeth Framaas, opptaks- og rekrutteringsleiar ved politihøgskulen i pressemeldinga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS