Remi Nerbø (vokal og gitar) frå Flatdal og Jone Ingvaldsen (bass) frå Stavanger er Vandringsmenn.

Remi sa ja då pubgjesten spurde om å få spela litt. Nå gjev dei ut musikk saman

Remi Nerbø frå Flatdal og Jone Ingvaldsen frå Stavanger møttest på Fjellheimpuben for 11 år sidan. 

Dei to utgjer nå duoen Vandringsmenn. 28. mars slepper dei ny singel.  Låta «Sommer i april» er inspirert av ein uvanleg varm aprildag då ungane ville bade i Flatdøla, sjølv om fjellet Skorve framleis var snødekt. 

– For meg er det naturstridig å bade i Flatdøla når Skorve er fullt dekt av snø, men dette bryr ikkje ungane seg om, seier Nerbø i ei pressemelding. 

Songen handlar om dei som tek sommaren på forskot, anten det gjeld bading eller tidleg skifte til sommerdekk.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS