Rivingsarbeidet er i gang på bilrutetomta i Åmot.

Rivinga er i gang i sentrum

Nå er bilrutetomta i Åmot gjerda inn av anleggsgjerde og Vinje maskin er i full gang med å rive delar av det gamle bilrutebygget.

Til sommaren er det to år sidan dei fyrste teikningane av det nye handelshuset vart lagt ut på høyring. Det vekte mange reaksjonar, og seinare har nye teikningar kome – desse har også skapt stort engasjement. Utviklinga av Åmot sentrum har vore tema i ytringar og lesarbrev, og det har også vore folkemøte om saka. 

Den politiske handsaminga av søknaden om rammeløyve til det nye handelhuset har tatt tid, og det var fyrst i februar plan- og miljøutvalet godkjente at det kunne gjevast rammeløyve. Når dette var i boks, tok det ikkje lang tid før arbeidet sette i gang.

– Rivinga skal vere ferdig før påske, opplyser Kyrre Eftedal i V-T Eiendomsforvaltning til VTB.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS