Rundt 2 000 mål har brent ned: Framleis vanskeleg å sløkkje

Tre brannmenn er innlagt på sjukehus og 2 000 mål er brent ned i skogsbrannen i Nissedal kommune. Brannen skal vera vanskeleg å sløkkje og det kan bli aktuelt å evakuere menneske om brannen spreier seg ytterlegare.

Publisert Sist oppdatert

Rundt 2 000 mål har nå brent ned og det er framleis vanskeleg å sløkkje. Det kan bli aktuelt å evakuere menneske om brannen spreier seg ytterlegare. Tre brannmenn er innlagt på sjukehus. Det er dei same tre som blei henta av helikopter tidleg i brannen, opplyser Sør-Aust politidistrikt på Twitter.

Brannvesenet har vore bekymra for at brannen bevegar seg i retning Dynjanfoss kraftstasjon. Klokka 23.51 melde politiet at det blir meldt om kontroll med tanke på kraftstasjonen.

– Brannvesenet held fram utover natta, er meldinga frå politiet på Twitter.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS