Utmarksoppsyn: Rune Aarhus (t.v.) og Knut Tore Edland er i kvar sin 50 prosentsstilling som utmarksoppsynsmenn i Vinje kommune. Her frå dei tok VTB-TV med på tur for å sjå etter sauer på Stavshovdnuten på Våmartveit.

Rune blir ny oppsynsmann – går frå utmark til fjell

Rune Aarhus har fått jobb som fjelloppsyn på Hardangervidda.

Publisert Sist oppdatert

Aarhus tek med seg brei erfaring inn i rolla, mellom anna har han dei siste to åra utgjort halvparten av utmarksoppsynet i Vinje kommune, i lag med Knut Olav Edland. Aarhus er også utdanna innanfor friluftlivsfag og pedagogikk, melder Noregs fjellstyresamband i ei pressemelding.

– Eg er takksam for tilliten til å arbeide for fjelloppsynet, og gler meg til å ta fatt på oppgåvene, seier Aarhus til fjellstyresambandet.

Det har førebels ikkje lukkast VTB å få tak i Aarhus.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS