Rykte ut etter melding om røykutvikling i hytte

Brannvesenet rykte i natt ut til ei hytte i Vrådal.

Klokka 03.24 kom det melding om røykutvikling i ei hytte i Straumsnesvegen i Vrådal, like ved fotballbanen. Brannvesenet såg ikkje opne flammer og det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg. Politiet var i kontakt med personar som var registrert på adressa. Dei melde at det ikkje var folk på hytta.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS