Så mange raude dagar blir det neste år
Det blir færre raude dagar i 2025 samanlikna med i år, men endå færre blir det i 2026.
Over nyttår vil vi få ni av totalt 13 raude dagar. Altså vil det vere gode moglegheiter for å planleggje langhelger i det komande året.
Det skriv NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er viktig med fridagar og raude dagar fordi vi treng å lade batteria våre. Felles fridagar gjer at vi enklare kan ta fri med god samvit, seier psykologspesialist Caroline Verdich.
2024 var eit rekordår for fridagar, då alle raude dagar som kunne hamne på ein kvardag gjorde det. I 2025 går talet altså noko ned – til ni. I 2026 vil det vere åtte raude dagar på kvardagar, medan i 2027 er talet redusert til sju.
I 2027 vil både grunnlovsdagen og 2. pinsedag hamne på 17. mai, og dei raude juledagane kjem i ei helg.
Verdich seier det er viktig å planleggje, slik at ein får mest ut av fridagane sine.
– Klarer ein å bremse litt i tide, kan det vere førebyggjande for eiga helse og eventuell sjukmelding. Dette er også arbeidsgjevar og samfunnet elles tent med, understrekar ho.
(©NPK)