Heldt att: Anne-Nora Oma Dahle (Sp) fortalde at partiet eigentleg ynskte å stramme inn på buplikta, men at dei landa på å ikkje fremje forslag, for å sikre størst mogleg fleirtal for formannskapets vedtak.
Geir Ufs
Saka kjem og saka går, men buplikta består
Kommunestyret i Nissedal vedtok torsdag å halde fram med dagens ordning kring buplikta.
– Dette er ein gjengangar. Me har hatt denne saka oppe fleire gonger, og kvar gong har resultatet vore det same – me har halde fram som før, innleidde ordførar Halvor Homme.
Nissedal kommune har lenge hatt nullkonsesjon for å hindre at eigedomar som bør bli bruka til heilårsbustader i staden blir nytta som fritidsbustader. Men nære slektningar (slektskapsunntak) som overtek bustadhus har kunna bruke det til fritidsbustad om det har vore ynskeleg. Formannskapet vedtok tidlegare i mars å halde fram med dagens ordning, medan kommunedirektøren tilrådde å stramme inn slektskapsunntaket. Også i kommunestyret var meiningane delte.
– Det bør vera eit grunnleggjande prinsipp at ein sjølv får bestemme kva ein vil bruke eigen bustad til. Buplikta skaper eit negativt fokus i kommunen, i tillegg til at ho har vore lett å omgå, sa Marianne Vrålstad (H).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP