Det blei seld fleire nye hytter enn nye småhus i fjor, viser tal frå Boligprodusentenes Forening. Her ei hytte ved Mosetertoppen i Hafjell nord for Lillehammer i Øyer kommune. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Salsrekord for nye hytter i fjor
Etter eit år med rekordhøgt sal av nye hytter forventar hytteprodusentane vidare vekst i 2022 for sal og nybygging.
I 2021 vart det seld 7.205 nye fritidsbustader, noko som er 17 prosent fleire enn året før. Det viser tal frå Boligprodusentenes Forening for sal og igangsetjing av nye fritidsbustader, skriv Dagens Næringsliv.
– Det betyr at fritidsbustadmarknaden no er større enn småhusmarknaden, seier administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentenes Forening til avisa.
I same periode vart det seld 5.349 nybygde småhus. Det er ein nedgang på 10 prosent frå 2020. Salet av nye einebustader fall med 3 prosent til 6.629.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP